Kvitanosi

Denne historia starta kl. 22 om kvelden 3. juledag 1942 på fjellet Kvitanosi, i Voss kommune, Hordaland fylke, Noreg. Eit stort tysk firemotors fly av type Focke Wulf 200C-4 Condor flaug seg vill etter eit rekognoseringstokt over Nordsjøen. Det skulle landa på Værnes ved Trondheim, men var på grunn av uver omdirigert til Sola ved Stavanger. Så flaug det 50 meter for lågt i snøstormen og small i fjellet Kvitanosi. Fire omkom, to overlevde.

Mang ein turgåar har dei neste 62 åra hatt flyet på Kvitanosi som eit kjært turmål. Så starta ei ny tidsrekning. Eit museum i Berlin kastar augene sine på flyvraket. No ville dei ha det til bruk i restaureringa av et eksemplar av ein Condor. Det einaste i verda.

Lokalbefolkinga protesterte. Flyvraket blei mellombels freda. Avtale med det tyske museet vart inngått. 67 år etter det sist flaug, var det i lufta igjen. No med helikopter-hjelp til Bømoen ved Voss. Så vidare på trailer til Bremen i Tyskland, der Airbus har ein stor fabrikk. Hovudrestaureringa skjer her. Pensjonerte flybyggjarar gjer nøye arbeid.

Lenk til den orginale Kvitenosi sida.

Lenk til kart/flyfoto av vraket.

Dramatisering av hende

Historia rundt Kvitanosi flystyrten er kanskje det hende eg har lagt ut mest stoff om, og som f.eks Focke-Wulf Fw200 Condor wikipedia-sida (norsk) brukar som referanse. Så sjølvsagt må det dukka opp Kvitanosi stoff også på desse nye sidene. På den orginale Kvitenosi sida vil du finne informasjon om flystyrten på Kvitanosi 27. desember 1942 som eg har samla over mange år.

2010 besøk på Condor restaurerings staden hos Airbus i Bremen. Frå venstre Heiko Triech, Stein Ottosen, Egil Christophersen (øverst), Svein-Aage Knudsen, Kaare Trefall og Echart Wudke.
Nytt stoff vil koma her, og kan f.eks væra om skjebnen til vandreutstillinga (bruk denne lenken om du vil klikke og forstørre bilete).

Kanskje dukkar den opp som permanent-utstilling i Eksingedalen?

(for test: np-nt-nd-)

 


 

Denne sida blei sist endra aug 9, 2023 @ 20:22 - Copyright © kaare@trefall.com 2023