Utvandring

Svært mange Eksingedølar utvandra til Amerika. Enkelte gardar var spesielt ramma. Ein av dei var den nest øverste garden, Ekse.

image
Lars og Anna

Ein av dei som dreg er Lars Jakobson Ekse, f. 1849. Han dreg i 1871. Av ein syskenflokk på 9 reiser 6. På bilete under ser me huset hans i 1881. Eit sodhous, eller jordgamme. Me er i Spring Lake utanfor byen Oldham, Kingsbury County, Sør Dakota. I denne jordgamma budde Lars og kona Anna i 5 år, etter at dei i 1876 nygifte kom hit frå Kasson i Minnesota med alle eigendelar og to born på ei muldyr-kjerre. Og i denne jordgamma fekk dei 3 born til. Anna set i døropninga med yngstemann John fødd i 1881 på fanget. Same året kunne dei flytta inn i nytt våningshus bygde av tre. Lars var på besøk i gamlelandet sommaren 1908. Han døydde i 1937. Eine broren, Jakob f. 1860, blei prest «ower there». Bilete og bilet-tekst er henta frå De Smet avisa The News si Golden Anniversary utgåve frå 1930.

Dette som eit lite tidsbilete på det harde livet som møtte utvandrarane i «det lova landet». Då eg byrja leggja ut utvandrings-stoff skjedde dette på trefall.com/utvandring. Der vil det forbli ei tid framover. Nytt stoff vil imidlertid dukka opp her. Nytt på desse sidene er og enkel tilgang til tillegsinformasjon som geografiske kart og slektskart, sjå eksemplet «Familiekart», «Kart» og «Kjelder» for Lars og Anna Ekse under biletet.

Lars og Anna Ekse sitt sodhouse
Lars Ekse sitt sodhouse låg 3 miles aust og 2 1/4 nord for Oldham (Dewey Menzel farmen). I forgrunnen er Dora Ekse Nelson, syster til Lars Ekse, med Ekse borna Thea og Nellie. I døråpninga er kona Anna, som heldt John. På gamme-taket er Jakob oh Tina (fru Andrew Lee), og Lars Ekse står til høgre for gamma. Den var bygd i 1876.
Familiekart
Forfedre Lars
   
Nils Jonson Ekse
1800 - 1874
 
   
  
  
 
  
 
  
?
 
   
  
  
?
 
Forfedre Anna
   
?
 
 
?
  
  
  
?
 
?
  
 
  
?
 
 
?
  
  
  
?
 
Etterkomarar Lars & Anna Etterkomarar Lars & sysken
Jakob Nilson Ekse b: 1820 d: 1913
Gjertrud Larsdotter Nesheim b: 1821 d: 1906
Ingvald Ekse b: 1901
Ingeborg Jakobsdotter Ekse b: 1846 d: 1878
Dortea Jakobsdotter Ekse b: 1857 d: 1941
Kristian Nelson b: 23 FEB 1859 d: 28 JUL 1944
Clara Malena Nelson b: 1901 d: 1994
Earl McKinly Wohlhueter b: 1896 d: 1978
Brita Jakobsdotter Ekse b: 1853 d: 1853
Ragnhild Jakobsdotter Ekse b: 1850 d: 1931
Nils Jakobson Ekse b: 1847 d: 1870
Lars Jakobson Ekse b: 1849 d: 1937
Anna Hanson b: 1854
Cornelia Carg b: 1887
?
Berta Nilsdotter Ekse b: 2 AUG 1909 d: 17 FEB 1992
Brita Johannesdotter Straume b: 1864 d: 1888
Torkild Jonson Gullbrå b: OCT 1846 d: 1 MAR 1929
Tilda Torkelsdotter Gullbrå b: 1899 d: 1970
Carl Gildseth b: 4 MAY 1893 d: JUL 1966
Leland Gildseth b: 24 NOV 1924 d: 1 FEB 1998
Carla Strunk b: 1968 d: 1968
Kart
USA

SD = South Dakota.
Kartet viser og antall innvandrarar til kvar stat:

image
South Dakota

Kingsbury County til høgre midt på:

South Dakota
South Dakota
Spring Lake Township

Deler av Spring Lake Township i Kingsbury County frå 1929.
Me finn Lars J Ekse i sektor 7.
Lars si syster Dortea f. 1857 utvandre i 1882 og gifter seg med Christian E. Nelson, dei finn me i sektor 18.

Parts of Spring Lake
Parts of Spring Lake
Google
Google satelittbilete frå dagens Spring Lake.
Farmen Lars hadde er ruta midt på med veg under og til venstre.
Trykk gjerne «Vis større kart» og zoom/pan rundt:

Kjelder
Bilete og bilet-tekst er henta frå De Smet avisa The News si Golden Anniversary utgåve frå 1930.
Her er data som ikkje stemmer når det gjeld årstal og alder på personar.
Må gå gjennom US folketeljingane og korrigere opp artikkelen, + leggje til kyrkjegard og gravstein for Lars og Anna.

Utvandring frå garden Ekse

  • Pastor Ekse
    I Vossingen nr. 4 1923 står å lesa:Pastor J J Ekse fra Amerika predigede søndag 18de aug i Evanger kirke, i hvilken han var døbt. Søndag den 2den september predikede han i Nesheim kapel, Eksingedalen. Denne artikkelen er henta uendra frå www.trefall.com/utvandring. Nytt er imidlertid tilleggsdata som kart, familiekart, og kjelder, sjølv om dei i øyeblikket ...
    les meir

 
Denne sida er sist endra mai 10, 2020 @ 14:21 – Copyright © kaare@trefall.com 2019