Innlegg

Trefallstølen 7-10. mars

Trefallstølen 7-10. mars

Etter eit stygt handleddsbrot påført ved kråkestup øvst i Oppstemten Ulriken sist i november, blei det endeleg stølstur. Fint skarefør gjorde at skiene ikkje var med, men for sikkerheits skuld hang trugene bak på sekken på vegen opp.

Bror Jon hadde ei veke før måka taket på “nyaselet”. Veldig kjærkomen hjelp!

Kompis var i “hundehimmelen”. Han flaug rund fjelltremmene saman med rypene.

Flott skarefør gjorde at me kunne gå med berre sko over alt. Ein veldig kjekk måte å gå tur på.

Det var to åpne hol i Storsgroi, så det var lett å finna drikkevaten.

(heim )


Copyright © kaare@trefall.com 2024

Ekisingedalen 1918

Ekisingedalen 1918

Eksingedalen 1918, i dag for 106 år sidan, Bergens Tidende søndag 3. mars 1918 (oversikt)

Bilete: faksimile frå Bergens Tidende.

Innleiing:

“Eg vart baade undren og ille ved paa turen uppetter til Gulbraa i sumar, eg høyrde riksingi av eit handorgel i ei stova paa ein av øvste gardarne. Aaa, sende det paa elvi ein gong ho er skapleg stor! Kjøp so att ei retteleg god fela; det vil høva dykk. Og lat grammofonarne fara same vegen” (handorgel=trekkspel).

Dette rapporterer Severin Blindheim frå ein av sine turar oppover Eksingedalen sommaren 1917. Og budeiene som byr han kaffi i staden for frisk mjølk! Og så desse som går rundt med “apekatt-stikke” i kjeften! Sigaretten. Det moderne forfall er i ferd med å gjere sitt inntog i det avgøymde trange dalføret!

Same sommaren reiser Blaauw rundt i dalen og kjøper opp vassrettane, som no blir tapt for alle komande generasjonar. Har pengane gått til handorgel?

Men ellers hyller Blindheim det han høyrer av felespel og song. Og han hyller den smålåtne hardtarbeidande kloke bonden, glad i kvar jordflekk han har. Og dei dyktige reve-jægrane!

Far var ein ivrig reve-jæger. Han kunne fylja eit spor i dagevis for til slutt å få has på styggen. Åleine eller saman med Leif på nabogarden. Og blei et revehi funne om våren, var det å røyka ut kvalpar og dyr. Jakta gav spenning og inntekt. Inntekt via skotpremie og reveskinn. Reven blei sett på som eit rovdyr som tok sau og lam, og rype – ei anna inntekt. Eg hugsar far med sikkert handlag drog skinnet av den opphenget reveskrotten, for så å spenna det opp på ei reveskinn-fjøl til tørk.

Om felespelet er å seie at mykje blei borte då religiøs vekkelse sveipa kring i dalen eit tiår og to etter denne forteljinga.

Simen-Daoe på Gullbrå (David Simonson Gullbrå 1842-1924) ville vore nøgd med veg til Nesheim, sjølv om det då framleis ville vore veglause mila att til tunet hans (dit kom den i 1959).

At grunnen til deling av dalen mellom 3 herad var dei uframkomelege partia, har Blindheim ikkje heilt fått med seg.

Så til forteljinga:

I dag for 106 år sidan.
Bergens Tidende søndag 3. mars 1918:

Eksingedalen.

Bjartare blenkjer visst aldri fjell
naar morgensol snjotinden gyller.
Fagrare raudnar visst aldri kvel
med» nut og skyflokar brenn som eld
og keveldsoli himmelen fyller.
Nils Lavik.

Han hev vore ein av dei Vestlandsdalarne som hev vore lite kjend. Avgjøymd ligg han, og langt inne millom fjelli.

Men hev du fyrst teke til aa verta honom var, er han ein slik som du seint tykkjest verta ferdig med. Fyrst den velduge naturi! Sjeldan skal du sjaa noko so storfelt. Dei flogbratte fjelli reisar seg skyhøgt yver deg naar du fer etter vegen.

Ville urder med tusental av kjempesteinar nedanfyre fjellfoten. Dei bratte lidarne klædde med lauvskog og barskog; og so »Langesløra«, den 6-7 mil lange elvi som smyg nede i trongaste dalbotnen. Stundom ligg ho og dormar og veit ikkje anten ho skal ganga til vinstre eller høgre fyr dei smaa skogkladde holmarne; og stundom slepper ho seg i lause lufti utfyre stupbratte berget, so vatsgovet driv deg um kjakarne, naar du fer etter vegen frammed. Her og der, lagar ho djupe, løyndomsfulle hyljar, der storfisken gøymer seg; eller og breidar ho seg ut paa vide flate sandgrunnar, der borni laugar seg dei varme sumardagarne.

I lange tider hev ho soleis fare nedetter dalen, lenge fyrr folk fann vegen dit. Trufast har ho male og bore saman stein og sand og jord, og lagt det fraa seg her og der til store øyrar, der folk sidan fekk husetja seg.

Og det er lenge sidan dei fyrste kom.

Det var den tidi dalbotnen var tilvaksen med skog; og bjørnen, ulven og andre udyr raadde grunnen, so folk maatte søkja til hellarar og andre liknande gøymslor aa halda til i. Her var han nok aa vinne med skogen, og seige var dei villdyri; men tapa laut dei nok tilslutt, so heimsens herre laut faa verta husbonden ogso der i dalen.

Og no sit Eksingedølerne paa gardarne sine uppetter dalen, ikkje rædde korkje bjørn eller varg; ja dei toler ikkje ein-gong reven i riket sitt. Er han so uvarsam at han synar nokon den brune pelsen sin, so er det nok feigdaferdi si han daa gjer, fyr gjev seg gjer dei ikkje fyrr han dinglar paa aksli daud. Hard spreng og klok aatferd maa nok til mang ein gong; men det nauvar inkje, dei er so vane med det der. Han mikkel lyt fira.

– Eg hev vore fleire gonger i Eksingedalen; men ikkje til øvste garden fyrr i sumar. Daa fekk eg sjaa honom i heile si lengd – ca. 5-6 mil.

Lang er han, men ikkje so mykje folk bur der etter maaten. Der er store vidder som høyrer til kvar gard fleire stader og ikkje lite langt millom gardarne.

Tri herad delar honom i millom seg, Bruvik nedst, Modalen og Eksingedalen i midten, og Evanger øvst. Ein kann merka det paa maalet og at det er ymse herad. Du er ikkje fyrr komen til Fosse – nedste garden i Evangerluten – fyrr du merka. Ævonga-maolet. Men at Eksingedølarne deler upp dalen sin soleis og let det vere »tri bikkjor um beine«, skynar eg ikkje. Var det ikkje betre at dalen var ein dal og eit herad? No, dette er berre tankar som ein utanum tenkjer det, og soleis fær ein difor verdsetja deim og. Men eg tykkjer det maatte vera meir naturlegt iminsto. Hardt maa det vera fyrr øvste luten til dømes aa kosta vegjerne i Evanger, og so ikkje eiga ein einaste meter med veg sjølve. Er det ikkje stormagtspolitikken berre i mindre utgaava slikt?

Det er synd aa segja anna enn at folk er smaanøytne, jamtyver daa. Det var so raakande soleis totte eg, det ein mann sa i sumar paa Gulbraa, øvste garden: »Hadde me havt veg upp til Nesheim«, sa han, »so skulde me vore so vel nøgde og fegne«. Dei var nøgde um dei fekk øvste vegenden burtimot halvannor mil fraa garden sin! Inkje giorde det sidan um dei laut bera hustimbret, tak-nævri, mjølsekkjerne, saltet og elles alt som til skal i eit hus heim til gards. Og kjøt og smør og ymst anna kanskje, som skulde sendast heimanfraa den same lange vegen. Det var ingen ting aa tala um daa, um dei hadde berre halvannor mil til dei naadde fram til køyrande veg. – –

No maa dei mest til Lavik. halvtridje mil umlag fyrr dei naar køyreveg; elvi, vatn og bratte hamrar stengjer. Og endaa trivst dei heime paa gardarne sine like godt, ja kanskje betre enn mange av deim som hev jarnveg, automobilveg, hestar og køyregreidor fullt upp, og attaat mykje varor til aa bruka køyregagnerne til. »Da e» nok mangt stort og gildt dar ute. Me hava frett da. Men eg hadde no ikkje vilja fara herifraa dalen kossor«, sa han Simen-Daoe paa Gulbraa. 0g mange fleire segjer visst det same.

Slike folk burde ein høgvyrda (ikkje med lange, dumme skaaltalor og skryt. Det ligg ikkje fyrr slike folk); men samfundet burde gjera alt det kunde med aa letta uppundar byrdi, som visst stundom vil verta vel tung. For slike folk hev verk i seg til aa byggja eit framtidsland dei. Var det ikkje høveleg at slike folk langt der uppe fekk eit høveleg »fjellbygdtilskot« t. d. um aaret? Ein burde iminsto gjera det ein kunde til aa berga deim, um mogeleg alle, fyr dalen deira og fyr landet vaart. Aa det hev vorte gjort fyrlite, er vel i røynde ein av dei djupaste grunnarne til at dei no sjølve hev late fraa seg mest alle fossarne til jobbarar, so kraftkjelda er i det store og heile spilt fyr dalen sine eigne ettarkomarar.

— Eg har høyrt fortalt um folket i slike fjelldalar, kva styrke dei eig og seigleik. Kven av oss vanlege folk vil ta ei 50-60 kg. paa ryggen og setja utfyre den mest stupbratte fjellbruni paa ski um veteren? Eller ganga upetter same bratte lidi paa ski med ei like stor byrda? Me vilde nok fyrr ganga paa fragtgodsen med det, og lata jarnvegsfolket og eimhesten greida det, me. Det var so mykje betre det.

Nei, du fær ikkje vera forhøvne paa slike plassar, iminsto ikkje sumarshalvaaret. Det vilde ganga ille um dei var det. Dalen kann nok kanskje finna døme paa folk som hev havt hug aa spara seg og gierne her vilja teke det, la meg segje noko paa moderne vis med arbeidet og stjornet. Men korleis hev det gjenge? Slike folk hev det gjenge attyver med. Dei hev anten lote gjeve upp eller so fare derifraa. Men mange slike trur eg ikkje der finst til vanlegt.

Vilje, trott og trauste tak lyt til. Det er gildt aa sjaa paa korleis sume kann arbeida. Dei hev slikt velsigna godt lag til det, og so snøggtenkte og paahitne i mange høve at eg mangein gong hev lote undrast. Utslaat-arbeidet i slike dalar skapar snøggtenkte folk. Eg kann godt skyna at dei paa slike stader tykkjest trengja noko mindre skuletid enn paa staden der borni ikkje får so god øving med tanken, i det daglege arbeidet. Her vil dei, um borni er med i arbeidet eller paa arbeidsstaden (og det brukar visst dei fleste) faa ei god upplæring i mangt, umedvitande, utan baade skulebænk og skulemeistar. Dei fær etter kvart uppøving i tankearbeid. Snarraaduge og gløgge folk veks der upp i slike dalar.

Eksingedalen her vore noko fyr seg sjølv. Og har er det framleides i mange maatar. Likevel kann ein merka mangt som tyder paa at »kulturen« et seg inn her og. Kaffien hev no visst vore brukt lenge. Det burde han sjølvagt ikke vore der ein hev fleire kyr og nyttar all mjølki heime. Slett ikkje tykkjer eg at han »Lars« skulde faa nokon heiderenlass paa stølarne. Men det fær han nok diverre jaa mange budeigjor no.

Og sigarettarne! Dei hev og vunne seg eit stykke upp millom fjelli. Det er vel dei velsigna handelsmennerne aa takka fyre der som alle andre stader at den apekatt-stikka hev funne fram. Gjev gutarne vilde senda henne i deim som dreg slikt heim til »de kirkestille dale!«

Og handorgli! Eller akordionspeli eller dragspeli eller kva namn dei hev daa! Eg vart baade undren og ille ved paa turen uppetter til Gulbraa i sumar, eg høyrde riksingi av eit handorgel i ei stova paa ein av øvste gardarne. Aaa, sende det paa elvi ein gong ho er skapleg stor! Kjøp so att ei retteleg god fela; det vil høva dykk. Og lat grammofonarne fara same vegen, um der er slike. Eg hev høyrt at unggutar som »hev vore i byen«, hev kome heim til dalen med slike kattalætor. De andre ungdomarne som ikkje hev røynt noko so stort som aa vera i byen eit halvt aar eller so, de burde bera slike maskinor utfyre ein av fossarne der heime, og attaat lova paa at slikt kram vil de ikkje tola uppe der millom fjelli. Slike tonar høver ikkje nokon stad; slett ikkje i ein dal som denne.

Nei, daa totte eg noko likare um det eg høyrde ein sundag i fjor sumar daa. Eg for nedetter dalen køyrande; og nett som eg svinga framum ein gard, møtte det meg ein spelande fin døla-slaat fra ei fela uppe millom runnarne. Hadde eg havt god tid, hadde eg vilja venta og lydt lenge paa den lunden; men eg maatte diverre avstad.

Felelaat fraa ein skoglund, eller fraa ein baat paa elvi, eller ein folketone sungen med dølar-røyst heime i lyden eller ute, er noko som høver. Det høyrer heime paa slike stelle og vil falla godt i den store »kyrkja« som heitar Eksingedalen.

Slike tonar maatte ikkje døy burt. Berre det ikkje hende!

I gamle dagar livde dei meir slikt millom folket, fortel dei gamle. Daa var det svært vanleg at baade unge og gamle song naar dei gjekk ute i arbeidet sitt. Antan dei so var uppe i lidi paa slaatt eller dei losta bork i bjørkeskogen eller hadde noko anna fyre seg. No minkar det med sovore, segjer dei, der som andre stadar. Men lel hev det vorte gøymt mange vakre tonar og visor der burte; tonar og visor som visst aldri vil døy.

Og forteljingskunsten og soge-framsegjingi daal Korleis hev det ikkje vore med det. Der hev vore mange som hev kunna fortalt. Godmor og mor, godfar og far tok seg mangei stund til aa fortelja til dei unge. Der vanka sogur um huldrer og tuftekallar, um jolereidar og andre store umframtfolk. Og sogor um bjørn og varg, ørn og rev som laut bita i graset fyr dei seige veidarane. Og forteljingar um merkelege folk som hadde livt, og store hendingar. Desse sogor prenta seg inn i dei smaa; og dalen og livet der vart det kjæraste dei visste paa jord. Det er difor ikkje so rart der hev vakse upp mange som hev vore hugheile naar det gjaldt heim og land.

Folk hev med retto set stort paa heimen og dalen sin. Dei hev ikkje magta aa riva seg lause herifraa, jamvel um mangt som glima, stod ute og drog og venta. Dei her livt heime og gjeve avkall mangeingong paa æra og stordom; men hev i staden vakse so mykje meir umetter, det folk til vanleg no hev korkje tid til eller tanke fyre.

Det var soleis ei preik fyr meg i sumar eg gjekk neda paa dei fine bøarne paa Gulbraa saman med han Simen-Daoe (David Gulbraa), den eldste mannen paa garden. I alt hans snakk skein det fram kjærleiken til garden. Han saag paa kvar flekken som noko stort og heilagt, noko som han aldri hadde vilja bytt fraa seg og dei han rekner til sine. Og endaa er Gulbraa ein gard der det korkje veks noko skog aa kalla, eller mognast korn paa. Det ligg for langt til fjells.

Han hadde livt i umlag 75 aar der uppe. Hadde teke mangt eit tak og stende ute mang ei frostrid; men spør honom um han hadde vantrivst! Han var so glad i Gulbraa at eg maatte verta det og. Ikkje hadde han gjenge noko skule som er aa nemna; Men lel hev eg aldri høyrt nokon
»lærd« mann kunna fortelja og ordleggja seg som han.

Og heller ikke hadde han hutla burt minnet sitt karen. Han hadde mangt aa fortelja, som ikkje hadde hendt dette aaret.

Det er aa vona at dalen vil vera ein egte norsk dal. At folket vil finna det dei treng der uppe millom fjelli framleides, at ikkje »kulturen« fær fyr godt fotfeste, og at folket vert verande der og verkeleg trivst der som fyrr; daa vil dei una og finna si lukka.

Severin Blindheim.

Snøvinteren 1962 – del 5

Snøvinteren 1962 – del 5

I dag for 62 år sidan, snøvinteren 1962. Del 5, den siste.– her er del 4-2 – oversikt

Bilete: Faksimile frå Bergens Tidende «Stor plass er det ikke til møtende trafikkanter når bussen gir seg på tur oppover dalen.»

Så til slutt, etter all syting om milevis av snø og elende, denne sprudlande heseblesande reiseskildringa Bergen – Eksingedalen tur-retur. Så langt kom ekspedisjonen ikkje, kanskje ikkje lenger enn halvmila, opp mot Høvik. BT melder dagen før at vegen er steng av snøras der. Tidsbilete: Brua over Bolstadstraumen er endå ikke komen og det må båt til, Jåbæken (brua kjem halvanna år seinare). Vegane er smale og nifse, då som no. Eidsfjorden er ikkje tilfråsen denne vinteren, så på heimveg prøver dei seg på rutebåt Eidslandet – Bergen, men lukkast ikkje.
Reseskildringa sto å lese i Bergens Tidende 15. februar 1962 og er signert Pete:

BUSS PÅ AVVEIE
«Å dra til Eksingedalen i tider som disse er opplevelsesrikt og dramatisk som en Afrika-safari.
Først bestiller man telefonvekking kl. 05.30, som absolutt ikke er det riktige tidspunkt å krype ut av dynene på. Så farer man gjennom en morgenstille by til Vossen 06.35, som heller ikke er et avreisetidspunkt å skryte av. Ingen jernbanerestaurant åpen, ingen skiekspedering. Bare ta med pikk og pakk og slå deg ned på røykjarar.
Saktens kan man finne mer imponerende kjøredoninger enn dem man ser når man stiger av på Dale og løser billett til «så langt det går an a kjøre opp Eksingedalen». Men maken til bussrute! Her skulle man hatt med en fin engelsk frøken med lorgnett og det hele, hadde hun ikke fått dånedimpen før måtte det være når bussen på hålken fór fram på berghyllene ut Bolstadfjorden. Man kikker lett interessert ut bilruten – og oppdager plutselig fjorden dypt der nede. Rett under bilhjulene. Her gjelder NSB-ordene Legg deg ikkje ut.
Ved Strømme er det veis ende. Sjåføren stikker motorvarmeren i kontakten og låser bildøren. Så stiger man ombord i M/K «Jåbæk» som velvilligst ruser opp nok til at båten siger gjennom strømmen fra sandtakene på vestre til sandtakene på østre side.
Ny buss, samme sjåfør.
På Eidslandet er det full stopp. Ras er gått oppe i dalen, og dessuten er en brøytebil ventendes nedover dalen. Og når en bil er på vei nedover, er det ikke gjørlig å la noen kjøre oppover. Ventetiden fordrives på butikken, eller på kaien, hvor man kan fritte siste nytt fra denne ungkarenes dal: i øverste del av dalen er det knapt en eneste ungjente igjen.
Den nye bussen er klar til start. Denne gangen er det en kombinert laste- og passasjervogn og vi sitter seks passasjerer foran. Alle er vi som en familie, og av en eller annen grunn vet alle at vi kommer fra avisen, jungeltelegrafen går fortere enn det tyvende århundres landeveistrafikk i Eksingedalen.
– Du slepp å overdriva når du kjem i Eksingedalen!
Replikken kommer lunt fra en bonde, og er myntet på snømengdene. Vi er nådd opp så langt at sjøtrekken ikke når lenger, de gamle har alltid hatt et sikkert mêd på det. Veien er smal når du farer den sommersdag, nå er det såvidt det er plass til vognen, og fotografen er stø på at det ikke er nødvendig å bruke rattet, bilen kan ikke annet enn følge sporet i den dype grøften. Han ber sjåføren om å stanse, for å få tatt et bilde, men så er det ikke plass til a komme ut døren, og sjaføren må finne et mer høvelig sted!
Folk står på stiger eller på takene langs veien og måker snø unna. Tung, våt snø som saktens kan bryte ned tak om det kniper. Et par steder har snørasene slått sprekker i tykke jern-betongplattinger over døren.
Eksingedalen er sannelig et syn for turister, med de ovbratte fjellsidene lutende og snøtunge utover, med ville elven i hissige kast, mellom steinene. Men det er vanskelig a holde øynene fra veibanen.
Stopp!
Et kjemperas har gått over veien, og det står klart at her går dagen med på å brøyte. Passasjerer og sjåfør tar et raskt og sakkyndig overblikk. Her er intet annet å gjøre enn å ta bena fatt. En kilometers vei lenger fremme er det telefon, og her kan stedets drosje kalles ut. Sjåføren er ute på snømåking et annet sted der det er kritisk, men han kommer da, med en stor amerikaner som bykser som en olm stut på glatten.
Trass i piggkjetting og mange hestekrefter under panseret kan heller ikke drosjen klare seg mot naturens luner, i en kurve bærer det inn i brøytekantene for full speed. I Eksingedalen er det ingen Falken man kan slå på tråden til, men passasjer og sjåfør greier brasene. Donkraft og muskelkraft er alt som skal til for å få vognen inn på veibanen igjen. Skal man ned dalen en kveldstund utenom rutetidene, er drosje eneste muligheten.
Men kjøring utenom all vanlig trafikktid er problematisk, i mørket dukker det opp en møtende, kjempestor lastebil, fylt til esingen med kraftfor. Hva giør man i vintermørket? Drosjen rygger. Har De prøvd å rygge med en bil mellom to brøytekanter i stummende mørke? Til det trengs gode nerver og en dyktig sjåfør.
I Eksingedalen har man begge deler, og bakover bærer det mens lastebilen følger på med fulle lys for a hjelpe på, slik at man kan se veien. Men om det nå har lavet ned med snø over dalen, så har naturen vist sin underfundighet på annet vis: Den trange fjorden inn til Eidslandet er så godt som isfri, og ved kai ligger rutebåten og skal gå neste morgen kl. 5.
Aha, så kan man gå ombord å få seg lugar og sove seg fram til byen? Å langtfra. Selv om det er tidlig på kveld har trisen gått til køys etter en lang dag, og med en liggende trise er det lite a gjøre, kaptein og styrmenn står hjelpeløse, og det er bare a rusle på land igjen.
Men den store opplevelsen, den fikk vi neste dag, da bussen slingret seg fram på holken fra Eidslandet til Stamnes: En shoppingveske midt på veibanen!
I Lars Hillesgate ville slikt ha skapt panikk, men det skal mer til for at en sjåfør på Eksingedalsruten mister fatningen. Han bare stopper bussen og vesken blir brakt inn i bussen. Selvsagt er det, hva vi byfolk ikke har skjønt, et signal til sjaføren om a ta med vesken til nærmeste handelsmann, der den kan bli fylt med kaffe og sukker og annet til kroppens vederkvegelse.
Vi har meget å lære på Eksingedalsbussen.
Pete.»

Det vesle dalføret i vest klarer seg. Folk klorar seg framleis fast mellom bratte fjellsider. Gjennom metervis av snø kjem dei unge ut med nyskjerrigper-prisar og anna ballast andre kan misunne dei!

Denne artikkelserien har eg tenkt på i mange år. Eg har skrive den fortløpande, og har sett meg sjølv frist i slutten av kvar del for når neste skulle komme. Datoane delane er posta på har eg prøvd å knytte opp mot datoar ting skjedde for 62 år sidan – i 1962. Arkivet til Bergens Tidende har vore uvurderleg. Eg har og vore innom NB’s avisarkiv for Bruvik. Den gode huksen til storebror Ragnar har vore til hjelp. Det har vore veldig kjekt med tlbakemeldingar, ikkje minst dei med utfyllande info, takk Ingvild, Grete og Åshild.
Og takk til de som har helde ut og streva dykk igjennom hele «Snøvinteren 1962».
Februar 2024 – Kåre Trefall

Innlegget på Facebook

Snøvinteren 1962 – del 4-2

Snøvinteren 1962 – del 4-2

I dag for 62 år sidan, snøvinteren 1962. Del 4-2 – her er del 4 – oversikt – her er del 5

Bilete: Brøyte-bulldosaren i aksjon. Fotoet er utlånt av Ingvild Brønstad

I går fekk eg nokre fantastiske bilete frå Ingvild Brønstad. Dei høyrer egentleg heime i forrige del, «framhaldssoga del 4», men sidan eg ikkje hadde dei då, kjem det no her ein «del 4-2».

På Nesheim budde eit fransk par vinteren -61/-62. Dei var der for å forske på: å bu fjernt fra sivilisasjonen, å oppleve norsk vinter, å studere praktisering av gamalt bygdehandverk. På rett plass?
Ho var svanger og vegstenginga kom brått på. Baby- og ski-utstyr låg i Bergen. Planen hadde vore Kvinneklinikken der. No måtte jordmora i dalen, Frida Haugen, tilkallast. Ho tok seg på ski frå Haugen og opp til Nesheim, borti ei mil, der ho tok imot eit velskapt gutebarn den 28. januar. Dottera til Frida, Grete, hugsa at more måtte avgårde, og at folka nokre år seinare kom på besøk for å takke.

Den eine weaselen med tilhengar – jula er «påkledde» med ski.. Foto utlånt av Ingvild Brønstad

I fleire periodar var vegen stengd også i nedre halvdelen av dalen på grunn av snøras ved Vetlejord og Høvik. Weaslane måtte trå til der også, då for å frakte varer frå så-lang-bil-kunne-kome og opp til butikken på Lavik.

Brevet som Eksingedalen bondelag sende til vegkontoret sist i januar førte ikkje til noko. Fyrst etter at Bergens Tidende hadde fleire omtalar av forholda i dalen, spesielt 5. og 10. februar, kom det «tilbakemelding», då via BT intervju med vegsjef Olav Kvåle 5. og 12. februar. Det siste førte også til BT leiaren 15. februar.

Dei to weaslane utanfor butikken på Lavik. Foto utlånt av Ingvild Brønstad

Men ellers skjedde det ingenting frå vegmyndigheitene si side. Folk måtte greie seg som best dei kunne fram til vårsol i bakkane blenkte og brøyting sist i mai.

Overingeniør Ingolf Glambek testar nybrøyta veg i drosja til Johan J. Flatekvål. Ingvild med mor og bror er med. Foto utlånt av Invild Brønstad

22. februar skriv Johannes A. Lavik eit brev til avisa. Der takkar han «gode hjelparar» og nemner spesielt Evanger kommune med støtte til weaslane, og Bergens Tidende som hadde skrive om kor ille forholda var. Spesielt leiaren 15. februar der avisa tok folket i Eksingedalen i forsvar overfor vegmyndigheitene.
Dei to weaslane var etter at dei var framme på Gullbrå 13. februar i drift i omlag halvannan månad. BT melder 27. mars at dei har måtte instille.

Avslutningen, del 5 – reiseskildringa «Buss på avveie», kjem som tidligare annonsert 15. februar.

Innlegget på Facebook – her er del 5

Snøvinteren 1962 – del 4

Snøvinteren 1962 – del 4

I dag for 62 år sidan, snøvinteren 1962. Del 4 – her er del 3 – oversikther er del 4-2

Bilete: faksimile av Bergens Tidende si heilside frå Eksingedalen 10. februar 1962.

Dei to weaslane som kom til dalen var heimehøyrande i Hordaland Infanteriregiment nr. 9. Det var Evanger kommune som bevilga pengar slik at dette vart mogeleg.
Weaslane greide å kome seg opp til Gullbrå tysdag 13. februar med god trakke-hjelp frå bygdefolket. Køyretøya kom til å gjere stor nytte der dei arbeidde «både dag og natt». Slakt kunne køyrast ut, kraftfor inn. Etter kvart blei brauta etter dei også god til hest og slede. Den gjekk ofte snarvegar, som på Trefall over bøane og isen på Trefallsvatnet.
Men det røynar på. 24. februar rapporterer BT: «Det har vert ganske stor påkjenning på weaslene. I den første tiden da snøen var løs og kram, hadde man flere tilfeller der beltene ble vrengt av. En av vognene har også fått ødelagt en gearboks på grunn av den harde kjøringen, men en ny gearboks er sendt oppover. Blir det bra var et par-tre dager fremover, skulle det være råd få kjørt opp en ganske god weaselvei. Som følge av at man øverst i dalen har fått forbindelse med omverdenen har det vert en hektisk slakting på gårdene for å få kjøttet til byen mens det var anledning til det. Det har vart rene akkordarbeidet.»

Så til vegkontoret sitt syn på maset om å få brøyte oppigjen det bortgømde dalføret. Dette blei tydeleggjort i intervju med vegsjef Olav Kvåle i Bergens Tidende 12. februar:
«Hva med Eksingedalen som er isolert?
Det er umulig for oss a brøyte denne veien, og det burde folk i dalen forstå, sier veisjef Olav Kvåle til Bergens Tidende. I slikt et vær kan veien dessuten fyke til i løpet av 10 minutter. Derimot er det mulighet for at når det begynner å våres, at vi gjør et forsøk. Brøytingen vil i hvert fall medføre store omkostninger. Bare å ta opp veien over Haukeli, der det vanligvis i mai er to-tre meter snø og etpar fonner pá 10 meter, koster oss 50-60.000 kroner, og det har mangen gang hendt at snøfreserne måtte snu og begynne fresingen tilbake igjen. Hadde vi enda hatt en hurtiggående snøfreser kunne vi forsøkt den i Eksingedalen. Men ett er sikkert, det nytter ikke med bulldozer slik situasjonen er nå. Snøfreser er det heller ingen hjelp i, og jeg kan ikke skjønne at folk i dalen kan tvile på vår overingeniørs uttalelse om at det ikke nytter. Det er klart at vi ikke kan kaste 20-30.000 kroner av stats- og fylkesmidler ut av vinduet. Det er mange andre steder der det er blokkert, men vi får ikke noe ramaskrik for det.»

Leiaren i BT 15. februar tykkjer vegsjefen er litt vel hard:
«Utkant-Norge.
Norge er et barskt land å leve i. Vi blir så ofte minnet om det.
Vi tenker ikke da på klager over at feks. veivesenet i denne by ikke kommer fort nok ut med plogen en morgen etter en snørik natt, eller at det kommunale vesen forsømmer å strø når gater og veier plutselig blir speil-glatte på få timer. Det kan være ille nok, og føre til mange forstyrrelser i trafikken, til fortredeligheter og kanskje uhell.
Men det er nå likevel for lite a regne, sammenliknet med det som må tåles av folk i utkanten, i av-dalene og inne i fjordene eller ute ved kysten når storm og uvær setter inn. Det går på liv og helse løs. Komfort og velferdsstat nytter det ikke å tenke på i slike situasjoner. Det gielder først og fremst å overleve, komme igiennom vanskene med liv, helse og eiendom i behold.
Disse betraktninger har særlig adresse til den uvars- og snø-vinteren vi har hatt. Hver dag bringer nye og lite hyggelige meldinger om nye ras, nye vei-sperringer, nye innesperringer av snømassene. Vi misunner ikke de to karene som sitter innesperret i 1700 meters høyde på Haukelifjell, eller under livsfare kjemper seg fram i uvær og blest til Snønut for at vi som sitter lunt i vår stue, skal få fjernsynet inn.
At vi med god grunn kritiserer fjernsynssendingenes ringe kvalitet, eller at de helt uteblir, er en annen historie som ikke hører med her. Men vi beundrer de to karene som nådde fram til Snønut, og den ensomme damvokter som dag etter dag også denne uværsvinteren tar seg fram over fjell og vidder for a kontrollere og etterse Bergens elektrisitetsverks damanlegg inne i Samnanger-fjellene.
Vi tenker også på folk som sitter mer eller mindre innesperret av snømengdene eller snørasene i Eksingedalen, på Veitestrand eller andre bygdelag som er avskåret fra omverdenen. Det skorter på mat til folk og fe. Eller det er i hvert fall meget vanskelig å komme fram til kjøpmannen for å hente forsyninger, – å levere noe av egne produkter dit er ikke til å tenke på når vinterstormen uler og snøen ligger et par meter dyp på flat mark.
Når slike steder får vei til bygds, blir det sagt at en ny tid har gort sitt inntog, aldri er gleden større i en bygd enn den dagen nyeveien er åpnet. Endelig får de følelsen av at også de er fullverdige medlemmer av samfunnet med noenlunde de samme goder. Forpliktelsene har de jo alltid hatt, det finnes ikke den avdal skattevesenets lange arm ikke når fram til.
Men Kong Vinter kullkaster de fagre sommerdrømmene. Veien stenges, og hvis veivesenet så sier at det ikke betaler seg å brøyte opp, får en vente til «vårsol i bakkane blenkjer». Der er ikke så få tilfeller hvor situasjonen er slik at menneskemaktene kommer til kort, selv det største og kostbareste utstyr må gi opp for naturkreftene. Så er bygden satt tilbake til den fulle isolasjonen igjen.
Snøtyngdene i vinter har vært verre enn noen kan huske. I Eksingedalen som hører med til de bygder som har fått vei de senere år og nå er blitt asperret – har de ikke hatt en slik snøvinter på 70 år. Det forteller meget om situasjonen. Det er forståelig at det ikke er lett å overmanne disse snømassene og skaffe farende vei. Vi vil ikke kaste titusener ut av vinduet, sa visstnok en veiingeniør forleden dag. Vent til våren, så skal vi prøve å brøyte. Dermed skulle samfunnet vare ferdig med den saken. De innestengte får ordne seg som best de kan, eventuelt med noe help fra kommunalt hold.
Men skal vi slå oss til ro med at veivesenets dom er endelig og inappellabel, at det alene skal avgjøre samfunnets innsats? Dette er et spørsmål av prinsipiell interesse, det er ikke bare en veisak. Kan der gøres noe for å helpe utkantnordmenn? En kan selvsagt si at folk i Eksingedalen, på Veitestrand og en rekke andre steder, i århundrer har levet – og greiet seg bra – uten vei, uten samband, innestengt i ukevis vinter etter vinter. Det er riktig. Men det kan ikke hindre at vi i teknikkens tidsalder også tenker på disse bygdene. Så ofte sies det at vi ikke må gjøre Norge mindre. Vi må gi også de som bor i utkantene levelige vilkår. Nettopp derfor skal vi ikke gi opp og stille oss avvisende hvis der kan være muligheter for hjelp. Det får simpelthen våge seg om det koster noen kroner å skaffe fram en weasel-bil eller andre trafikkmidler. Bare et vennlig ord, uttrykk for at en forstår vanskene, kan også være en hjelp. Men vi må ikke avvise dem.»

Sundag 14. januar var siste rutebil i tunet på Gullbrå. Måndag 21. mai kom neste. Over 4 månadar hadde gått. Dei viktige weaslane heldt det gåande omlag ein månad, frå midt i februar. Ein buldosar brøyta vegen frå innafor Lavik og opp dei 2 mila til Gullbrå på nokre dagar. Den var framme laurdag 19. mai.
Endeleg hadde det vorte rekningsvarande å etterkome brøyte-maset frå det vesle bortgøymde, eller var det botgløynde, dalføret.

Del 5 av «Snøvinteren 1962» kjem 15. februar med den elleville reiseskildringa «Buss på avveier», pluss litt tileggsstoff. Det blir nok den siste.

Innlegget på Facebookher er del 4-2

Snøvinteren 1962 – del 3

Snøvinteren 1962 – del 3

I dag for 62 år sidan, snøvinteren 1962. Del 3  – her er del 2 – oversikt – her er del 4

Bilettekstar, faksimile frå Bergens Tidende:
1) Seks år gamle Kåre Trefall kan stå på tunet og gladelig nå opp til inntaket for de elektriske installasjonene. Farlig er det ikke, for gården mangler strøm.
2) Ti trinn i snøen har vi ned til døren i floren, sier Håkon Trefall.

Framanfolk i tunet! To bykarar står og snakkar med far, den eine har eit fotoapparat i snor om halsen. Dei er frå avisa Bergens Tidende. Dei er på reportasjetur. 

«Ja det er ille tilstandar i dalen» seier han med notatblokka. Far er eining. «Det blir mange tunge skiturar ned til åpen bilveg. Ned med smør, heimigjen med proviant frå samvirkelaget. Tre mil tilsaman». «Og så balar eg med all denne snøen seint og tidleg. Ti trinn ned til flos-døra. Og så blæs det så fort igjen». Han med fotoapparatet tek bilete. «Veret har roa seg nokre dagar no. Det er omlag to og ein halv meter snø på flatmark», fortel far. «Straum og telefon har vore borte sidan uværet. Fleire stadar med nedslitne leidningar så det vil ta mange dagar før alt er reparert». Eine bladmannen fortel: «Lars, ein eldre kar me snakka med på Nesheim, trudde at så store snømengder har det ikkje vore sidan 1892, då var det 4 meter på flaten og 28 trappetrinn ned til ei kjelde her på Trefall» (dette var Lars J. Nesheim, fødd 1879).

Han med fotoapparat lurer på kva eg heiter. Han vil ha eit bilete av meg på fonna ved bislaget. Der rekk ein liten gut fint opp til strauminntaket. «Me får håpa straumen ikkje kjem att i løpet av fotoseansen» ler far, der eg stiller meg opp og heldt rundt straumleidningane. Eg håpar far hadde kontrollen!

«Me må fram med både oljelampar og primus. Me har no framleis den gamle vedkomfyren då. Det balnaste med straummangelen er at vasspumpa ikkje går!» fortel far. Eg hugsa at vasspumpa, ei stempel-pumpe, hadde ei lur løysing. Ved å hekte av reima til pumpemotoren og setje eit sveive-handtak på svinghjulet, kunne ein hand-pumpe. Etter ei god økt sa det klikk i trykkbrytaren og tanken var full, og det var igjen vatten til både menneske og dyr. Eg hugsar me ungane måtte bidra med sveive-økter, men då var eg nok litt eldre.

Tilbake til bladkarane. Far klaga på kraftfôr-mangel. Og så denne vegingeniør Glambek som påstår at det ikkje går an å brøyte med bulldosar. «Det er berre tull» seier far, «det er nok det at me er for små og ubetydeleg».
Men no må dei vidare. Dei skal til øverste garden Gullbrå før dei returnerer til byn. Eg ivrig inn til mor for å fortelje at no kom me nok i avisa både far og eg! Ho likte ikkje det med straumleidningane. «Det må du ikkje finne på å gjere att». 
Så var det berre å vente på avisa! Eg gledde meg!

I det siste hadde det vore mykje trafikk forbi av folk på ski frå dei øverste gardane. Smør-levering og proviantering. Herman Gullbrå er landpostbod på ski og kjem med post frå postopnar Anton på Lavik.
Eldstebror Ragnar og nabogut Svein går på ski dei fire kilometerane det er opp til skulen på Ekse. Johan J Gullbrå er lærar.
Spennande dagar for ein 6-åring!

Skal seie eg var ivrig då Herman kom med avisa nokre dagar seinare. Mor las høgt og eg såg på bileta. Det hadde blitt ei heilside. Mor tok vare på denne sida, fint samanbretta og stikke inn mellom sakene hennar borti skjenken.

10. februar kjem Bergens Tidende med reportasjen frå turen i dalen. Forsida: «Stemningen amper blant de isolerte i Eksingedalen», ei heilside inne i avisa: «Kritisk for oss om vi nå ikke får veien brøytet»

Smakebiter frå avisa:

«Også andre steder på Vestlandet er isolert, men forskjellen er den, sier folk i dalen, at når nå verste uværet har gitt seg, er det spørsmål om dager når alle disse stedene har fatt sin veiforbindelse igjen. For Eksingedalen derimot, er stillingen meget alvorlig på lengere sikt: Dersom det ikke blit tatt et krafttak nå, vil veien til toppen av dalen utvilsomt bli liggende blokkert helt til Jonsok». 
«Store verdier står på spill, kraftfôrmangel gjør seg gjeldende, og slaktedyrene står pá båsen langs hele dalen uten at man kan få dem levert. Siden veien ble ført til topps i dalen for vel to år siden har det funnet sted en hel liten omveltning av livsformen i denne bortgjemte dalen, og her ligger også en av årsakene til at man nå er så ille ute etter at snøværet kom overraskende på folk»

«Jeg målte en snødybde på 2,31 meter på flaten forleden, før regnet satte inn, forteller gardbruker Norvald Nesheim, som foretar meteorologiske observasjoner, til Bergens Tidende. I dag er det «bare» 2,23 meter. Vi var forresten så heldige at vi fikk en kraftforladning kjørt opp siste dagen før veien føk igjen. Men siden vi fikk vei hit opp er det slutt med å ha store lager av kraftfor og husdyrholdet er også for en stor del lagt om, slik at folk nä gjennomgående holder flere beist. Nå spøker det for mange å skaffe kraftfor, og det er så sin sak å bære kraftforsekkene milevis. Hest kan vi ikke bruke heller, det er ikke å tenke på slik forholdene er nå. Og oppetter dalen står slaktedyrene på båsen. Ikke kan vi få slaktet dem og levert skrottene, ikke kan vi få dyrene til bygds. Fylket må gjøre noe. Veien gjennom Eksingedalen er nå blitt fylkes- og hovedvei. Vi finner det da rart at ikke fylket kan ta på seg a få veien brøytet. Det kan ikke være riktig som det er sagt at man ikke kan gå i gang med kraftig redskap som bulldozer og snøfreser. Bulldozer har vart brukt før.
I dag er ordnigen den at fylket leier billagets bil med plog. Men fremdeles er det slik at all måking må utføres av bygdens folk. Gang på gang må folk mannsterk ut for a måke snø på veien.»

«En utvei må der finnes på denne situasjonen vi er oppe i, sier Johannes Gullbrå, en av dalens kjente menn.
Vi har også vært inne på tanken om å prøve få oss en weasel til den mest nødvendige transport. Men skal vi klare oss, må vi ha en helårsvei her oppe. Selvsagt kan vi lagre kraftfôr om høsten, men det krever en stor investering. Før kunne vi kjøre med hest, nå er snøen så dyp og løs mellom plogkantene at det ikke nytter. Og etter at mange har skaffet seg traktor, er det gamle og utslitte hester igjen. Det er sikkert at det ikke er greit å være bonde i Eksingedalen i dag. Vi kan ikke klare oss uten noen forbindelse. I ytterste konsekvens er stillingen den at vi må be myndighetene om å lose oss ut, slik at vi kan evakuere stedet, sier Johannes Gullbrå.» 

«Det tør vare klart at veimyndighetene ikke har opparbeidet seg noen velvilje i Eksingedalen.
Med bare plog går det ikke lenger, og fylkesveikontoret har gitt blankt avslag på a komme med tungt materiell. Vi skjønner ikke riktig sammenhengen. At ikke veien har vart brøytet akkurat under uværet er en grei sak, men vi er usikker på tiden fremover. Men det er en selvsagt ting at fylket må brøyte fylkesveien.»

Bladkarane som hadde vore på tur i dalen var Kjell Pedersen og Sverre Mo (foto).

Det gjekk rykte om at det skulle koma to beltekøyretøy, såkalla weaslar, som skulle prøve å ta seg frå Lavik og oppover dalen. Det viser seg at Evanger kommune hadde leigd to weaslar med tilhengar. Helga 10.-11. februar greidde dei å ta seg opp til Nesheim. Dei sokk nedi på buken i den lause snøen, så ein måtte mange stadar hjelpe til ved å måke og trakke braut. Vidare oppover frå Nesheim gjekk det seinare. Eit problem var og at brauta fauk igjen bak dei. Etter kvart blei både brauta dei laga, og desse weaslane svært viktige for å få fram kraftfôr og andre forsyningar til gardane. Og ikkje minst i det å kunne køyre slakt og andre gardsprodukt, i hovudsak smør, ut av bygda.

I Bergens Tidende 12. februar langar vegsjefen ut mot brøyte-maset frå Eksingedølane. Meir om dette, og om BT’s leiarartikkel 15. februar som tek folket i dalen i forsvar, i ny artikkel 12. februar.

Innlegget på Facebook – her er del 4

Snøvinteren 1962 – del 2

Snøvinteren 1962 – del 2

I dag for 62 år sidan, del 2 – her er del 1oversikt – her er del 3

I del 1 forlet me eit innesnødd lite dalføre vest i landet. 
5. februar er fortsatt øverste halvparten av dette dalføret innesnødd.

No i del 2 let eg hovud-forteljarane være avisa Bergens Tidende, saman med brevet Johan O Gullbrå frå øverste garden skriv til avisa. BT dekkkjer «Eksingedalen snør ned» godt, og som me skal sjå seinare, blir dei ein god støttespelar for dei innesnødde. 

5. februar beskriv Bergens Tidende situasjonen slik:
«Omlag hundre menneske i øvste delen av Eksingedalen har vore innestengde av snø over ei veke, og dei fire øvste gardane er dessutan utan telefon på grunn av linebrot. Det er heilt på det uvisse når vegen kan brøytast opp att. Frå dei øvste gardane er det 20 km ubrøytt veg fram til forretning og bussamband, og snøen er så laus og djup at dei ikkje kan koma fram med hest og slede. Alt som trengst på gardane må berast fram i ryggsekk, og for dei som bur øvst i dalen vert det ein tur til fots på 40 km i høg snø når del skal på innkjøpstur.
Gardane Gullbrå, Ekse, Trefall og Brakestad har dessutan vore utan telefonsamband sidan onsdag, og dessutan har straumen vore borte nokre gonger over heile dalen.
Folket i dalen karakteriserer situasionen som desperat, og Eksingedalen Bondelag har sendt eit skriv til vegkontoret med bøn om hjelp.»

I brevet frå Johan O Gullbrå får vi eit godt innblikk i forholda dei innesnødde balar med. Han foreslår også ei enkel løysing:
«Då brøytebilen laut gje tapt, var brøytekantane to meter høge, og no er vegrenna fylt av laus fokksnø i opptil 2.5 meters høgd. Det er såleis uråd å koma fram med hest og slede. Når vegen før om åri har vore stengd, har det vore vanskeleg à koma fram med hest og slede, men denne gongen er det særleg ille, fordi fokksnøen kom sa brått at ein ikkje fekk råd til å trakka han hard etter kvart som han kom».
«Det har vore ein dårleg sumar med lite og dårleg fôr, og dei fleste treng difor å kjøpa meir kraftfor og høy enn vanleg. Hjå einskilde gardbrukarar er det alt slutt på kraftfôret av di uveret kom så brått at dei ikkje fekk tid til a få heim noko før vegen var stengd.»
«Dersom nokon skulle verta sjuke på dei avstengde gardane, er det uråd å få dei på sjukehus.»
«Det ville vore ei lett sak for ein bulldozar eller ein snøfresar å ta vegen oppatt.»

Bergens Tidende tek opp «dei innesnøddes problem» med ansvarlege vegmyndigheiter:
«Bergens Tidende har lagt saki fram for vegsjef Olav Kvåle som seier at med dei katastrofale snømengdene som det har vore den siste tidi, er det uråd å halda vegen open. Det vert og for dyrt å frakta inn snøfresar eller bulldozar til staden, og slik veret no er, kan vegen fyka til att på få minuttar.
Overingeniør Ingolf Glambek, peikar på at vegstellet ikkje har meir enn to snøfresarar, og dei er opptekne pá dei store vegane. Vegen gjennom Eksingedalen er dessutan for smal både for bulldozar og snøfresar.
Tilhøvi i vinter er så vanskelege at fleire dalar må finna seg i å vera utan veg. Naturmaktene er for sterke. Det er synd i dei det går ut over, men det er ikkje noko å giera med det, seier overingeniør Glambek. Når kan me så venta at vegen vert opna att? Det er det umogeleg å seia noko om. Når brøytekantane er så høge som to meter er det ikke råd for snøplogen å kasta snøen over. Det einaste vi kan gjera er a venta på at snøen skal roa seg litt, slik at vi kan få snøen over kantane, seier overingeniør Ingolf Glambek.»

Ikkje mykje trøyst for dei innesnødde her. I Myrkdalen, eit dalføre litt aust for Eksingedalen, som også snøa igjen på same tid, blir vegen opna att med bulldozar 1. februar, utan at overingeniøren nemner det.

Bergens Tidende fyl opp med reportasje 10. februar. Ein dag eller to før var journalist og fotograf på tur på ski frå Lavik og dei 2 mila opp til Gullbrå.
Hovudoppslaget på framsida blir: «Stemningen amper blant de isolerte i Eksingedalen». Inne i avisa er ei heilside med overskrifta «Kritisk for oss om vi nå ikke får veien brøytet».

Heime tok mor vare på denne heilsida, fint samanbretta blant sakene hennar. Ikkje minst fordi det her var bilete og omtale av både far og meg.

«Framhaldssoga del 3» tek for seg dette besøket frå «verds-pressa» – og kjem her 10. februar, 62 år etter.

Ein liten smakebit frå BT, forfatta av journalist Kjell Pedersen (reine poesien):
«Over de mange moene under de stupbratte fjellene går karfolket tungt og sikkert på stier med kraftforsekkene på ryggen. En og annen er snauere på foten men så er han også på langfart og skal flere mil ned til bygden for a hente lettere varer som sukker og kaffe. I gamle dager måtte man proviantere vår og høst. Men så kom maskinalderen, levemåten ble lagt om, og man kunne bare slå på tråden og få varene sendt på døren. Men maskinalderen fikk kort levetid i Eksingedalen. Nå er det menneskekraften som må til.»

(Del 4 kjem 12. februar og handlar om då dei insnødde fekk kjeft av vegsjefen, og om ei midlertidig løysing.)

Inlegget på Facebook – her er del 3

Snøvinteren 1962 – del 1

Snøvinteren 1962 – del 1

Biletet: «Bilvegen» mellom Trefall og Ekse. Faksimile frå Bergens Tidende 10. februar 1962.

I dag for 62 år sidan, del 1  (oversikt)  her er del 2

Innerst i ein fjordarm vest i landet skjær eit kronglete smalt dalføre seg 5 mil austover i fjellheimen. Menneske har klora seg fast her i uminnelege tider. Siste gongen etter at Svartedauden fyrst hadde lagt dalen aud. Fattige hardtarbeidande bønder. Mange dreg til det lova landet Amerika på slutten av 1800 talet. Men dei fleste blir.

I 1888 byrja arbeidet med køyreveg oppetter dette uframkommelege dalføret. I 1920 kan ein i avisa Aftenposten lese eit bønebrev frå ein av bøndene øverst i dalen. Det er ei bøn til myndigheitene om midlar til å byggja veg den siste mila. Fyrst i 1959 var vegen framme i det øverste tunet.

Etter kvart som gardane kan få tilkøyrd kraftfôr og kunstgjødsel tek ei ny tid til. Større avlingar, fleire dyr, større kjøt- og mjølke-produksjon, maskiner, betre levekår. Det var dette bønebrevet frå 1920 handla om. Den nye tida kom seint til dei øverst i dalføret.

På nyåret 1962 kom det meir snø enn nokon kunne minnast. I avisa Bergens Tidene sto det 2. februar å lese:«Eksingedalen snør ned».

Eg vaks opp i dette dalføret. På den tredje øverste garden, Trefall. Født i 1955. Det skjedde mykje spennande for ein 6-åring snøvinteren 1962. For dei vaksne var det nok mest bal.

Vintrane i oppveksten forbind eg med snø. Kjelke, ski, skeiser. Snøholer med stearinljos og papirsekk til dør. Og når straumen vart borte, kor koseleg det blei inne med oljelampar og stearinljos, men og kor mykje meir bal det blei for dei vaksne som måtte i floren og stella dyra. Og kor eg kvidde meg til å skulle ut i kulde og snøstorm for å gå dei 4 kilometrane til skulen. Og spenninga når vegen vart stengd av snøras i Trefallstranda rett utanfor garden, noko som skjedde ofte. Folk frå dei øverste gardane kom for å håndmåke så rutebussen kunne kome fram. Så kjekt å høyre på prat, latter og ei og anna saftig glose mens dei arbeidde. Eg gløymer aldri ein gong då han som heldt vakt ropa «no kjem da» og me sprang bortunder Båthelleren, nokre store steinar der raset aldri nådde. Og synet og lyden, «SWOSH», når det nye raset nokre meter framfor oss fylte igjen det som akkurat var måka. Så var det å ta til på nytt. Eg skjønar ikkje at me ungane fekk lov til å vere med på dette, men me blei nok passa på.

Tilbake til januar 1962 då brøytebilen måtte gje opp. Bergens Tidende 5. februar fortel litt om forhistorien: «Alt den 16. januar vart dei to øvste gardane, Gullbrå og Ekse, utan veg, og dermed var i alt 30 menneske innesnødde, fortel Johan O. Gullbrå i eit brev til Bergens Tidende. Bilane kom då ikkje lengre enn til Trefall – fem kilometer frå Gullbrå. Den 18. januar greidde ikkje brøytebilane à stanga seg fram lengre enn til Nesheim – 10 km frå Gullbrå – og dermed var 56 menneske innestengde. Den 23. januar kunne ikkje bilane ta seg fram lengre enn til Lavik – 20 km frå Gullbrå – og dermed var om lag 100 menneske utan veg.»

Tilbake til BT 2. februar med overskrifta «Eksingedalen snør ned». Her fortel vegvaktar Åsmund Nese: «Eg ser mørkt på situasjonen. No er det køyrande frametter til Lavik men lengst framme i dalen der snøjupna er minst 2.5 meter er det vanskeleg å makta all snøen. Det er varsla meir snø til kvelden, og etter alt å tru vil vegen verta stengd frå Høvik. Då vil 4.5 mil av Eksingedalsvegen verta sperra».

Etter 15. januar kjem ein ikkje fram med bil til dei øverste gardane. Frå 23. januar er dei to øverste mila av dalen stengde. Rett nok hadde dei øverste fått veg berre to år tidlegare. Men den nye tida var komen. Dei hadde anskaffa fleire dyr å metta, hadde meir smør å levere, og vant seg til at matvarene kom med «middagsbilen», den kombinerte vare og person-bussen.

5. februar 1962 kjem Bergens Tidende med ny rapport frå Eksingedalen om kampen for tilværelsen og kampen for å få vegen brøyta. Om dette i «framhaldssoga del 2»

Innlegget på Facebook – her er del 2

Trefallstølen siste september 2019

Trefallstølen siste september 2019

Desse kalde dagane om hausten er ei fin stemningsfull tid. Nysnjoen legg seg sist i september for så å bli borte igjen og det blir fine oktoberdagar.

Sist i oktober er snjoen tilbake, no for å bli liggjande for vinteren. Og sakte legg det seg meir og meir, opptil 3 meter somme vintrar

På veg ned til stølen frå Storhaug. Det har skifta til oktober no, og nysnjoen er borte att.
(Klikk på bileta for å gjere dei større).

 
Denne sida er sist endra mar 31, 2024 @ 20:07 – Copyright © kaare@trefall.com 2024